Radiohøyring – Kunsten å høyra saman

Av Tore Vagn Lid

Onsdag 6. desember kl 19:00 
fri entre

KUNSTEN Å HØYRA SAMAN  
Berre nokre få ord om kva som ligg til grunn for invitasjonen til  Radiohøyring,  06. desember:
Eg er og har lenge vore oppteken av meininga bak dei enkle orda å «høyra saman». Alle kjenner dei. Dei er noko sjølvsagt. Men å knyttast til noko eller nokon vert altså i denne urgamle samanstillinga av to enkle ord knytta til nettopp det å høyra. Ein høyrer altså til (noko) og ein høyrer saman. Og i det å «høyra saman» ligg det samstundes at vi altså er fleire enn ein som høyrer, og at vi i tillegg høyrer dette saman, samstundes. Kvifor heiter det ikkje heller å «sjå saman»? Og kvifor må dette gjerast samstundes og ikkje til ulik tid? Og har ikkje det nettopp og med ordet høyring å gjera, med andre ord det ordet vi bruker om dei offisielle samlingene som finn stad etter store katastrofer eller ulykker? Ikkje intervju, ikkje pressekonferanse, ikkje rettsak men høyring. Ok. Det er det heile, det er det som står på spel. 
Og difor arrangerer vi denne sam-høyringa, der altså det einaste som skal prøvast ut det einaste eksperimentet er å testa det grunnleggjande spørsmålet om kva kunst som (no eingong) ligg i det å høyra saman. 
Tore Vagn Lid

Konsept:
Tore Vagn Lid
Lys:
Norunn Standal
Teknikk:
Mathias Grønsdal
Produsent:
Tor Christian Bleikli
Produksjonsmedarbeider:
Ida Blixt Teige
Forlegg:
NRK Radioteatret: Almenrausch En radiohøring om den skulte krigshistorien” av Tore Vagn Lid.
 
Radiohøyring er produsert av  Transiteatret-Bergen i samarbeid med Prosjektprogrammet for kunstnerisk utviklingsarbeid Nye Forestillinger, nye verktøy” (KhiO), Lydgalleriet i Bergen og NRK Radioteatret.

Fakta: 
  • «Almenrausch En radiohøring om den skulte krigshistorien» vart opprinneleg skriven som ei høyring for radio, og sendt første gong av NRK radioteatret i desember 2011
  • «Almenrausch- En Radiohøring» vart komponert over tre etappar som eit partitur for for båndspelarar, skodespelarar og orkester. Ambisjonen: ein psykoanalyse av norsk krigshistorie, dvs. freista å henta fram, artikulera og kritisk perspektivera dei såkalla «krigskommunistanes» historier, dvs. den delen av den norske motstandsrøyrsla som falt i skuggen av dei ikonifiserte norske krigsheltane.  Høyringa ville som høyringer flest rykka historiefortelling ut av sentralperspektivet, la polyfone stemmer koma til orde, også der stemmene tilhøyrer mennesker som for lengst er gått ut av historia rungande tause. 
  • For «Almenrausch» mottok Tore Vagn Lid både «Blå Fugl» for beste radiodrama og Nordisk Høyrespelpris 2011, og vart nominert til Prix Europa same år. Manus vart nominert til Ibsenprisen, og tatt ut som det norske bidraget til «nye stykker frå Europa».
5. oktober 2017
Skrevet av Ida Blixt Teige

Kategorier: Dramaturgi i kampsonen