Highway Hypnosis og U-DUB til Fjalerfestivalen!

15.-17. september 2017 inntar Transitteatret-Bergen (i samarbeid med prosjektprogrammet) Fjalerfestivalen med U-DUB og Highway Hypnosis. Kjøp billetter HER

Om U-DUB: 

U-DUB – Øvelser i kunsten å overleve unntakstilstanden (Versjon #2) er ein scenisk DUB av regissør Tore Vagn Lid. I U-dub råder unntakstilstanden, der normale reglar og lover er satt ut av spill. Korleis tek mennesket sine val i ein situasjon der det ikkje finnast gyldige normer ?

Forestillinga grip fatt i Judas sitt dilemma frå det myteomspunne Judasevangeliet, funne av ein egyptisk gjetar ein gong på 1970- talet. Framsyninga konsentrerast rundt Judas sitt drepande politiske dilemma – nemlig det at han måtte gjøre det ultimate offer for at noko anna – noko større – skal kunne skje.

Tekst, regi og audiovisuelt konsept: Tore Vagn Lid. Utøvere (2017): Trond Dahle perkusjon, Morten Skage (Bass), Tore Vagn Lid (gitarlele), Hilde Annine Hasselberg (Sang/melodica), Tor Christian Bleikli (skuespiller/melodica), Paal T- Nygaard (lyd/teknikk), Øystein Nesheim (modeller), Mathilda Søderling (scenografisk konsulent – Versjon #2) Medverkande på film/lyd:Henrikke Meidell, Selma Indine Strønen Damm, Arild Vestre, Tor Christian Bleikli.Kreativt team: Tore Vagn Lid , Tomas Nilsson , Jonas Skarmark DUB organizer /DJ
Thorolf Thuestad 
Øystein Nesheim , Kristian Pedersen, Joachim Sjursen, 
Tore Vatne filmteam
. Takk til Oddleif Jarstad og Teaterfestivalen i Fjaler.

Produsert av Transiteatret-Bergen i samarbeid med Dramatikkens Hus, Prosjektprogram for kunstnerisk utviklingsarbeid/KHIO (Teaterhøgskolen), Sand-Festivalen, Aust-Agder Fylkeskommune, Sisu Percussion, Kunstnerhuset Wrap. Søttet av Bergen Kommune og Hordaland Fylkeskommune.

Spilles på Ljosheim:

16. SEPTEMBER 00:00 (midnatt)

Om Highway Hypnosis: 

Gjennom veggane på eit hotellrom høyrer ein låge stemmer, plutselege dunk, skrik, stilt, meir stilt, latter. Elskar dei kvarandre der inne? Eller slår dei? Gjennom veggane på eit anna hotellrom høyrest lyden av ein pianist som øver. Om og om igjen. Puccini sin ufullenda opera, Turandot. Den som ikkje har nokon slutt, fordi komponisten døydde. Kvifor spelar han akkurat den i kveld? Kva øver han til? Og kor lenge skal han plage naboen sin med dette? Dei som har budd litt på hotell, og særleg på dei mindre luksuriøse, veit kva som kan ligge mellom romma: gråten frå eitt rom møter stønna frå eit anna. Einsemda som bekreftast gjensidig av intenst nærvær.

I 1921, same år som Puccini starta arbeidet med sin ufullenda opera, heldt ein ung sveitsar, psykoanalytikaren Hermann Rorschach, opp ti små bilete for sine pasientar. Ti kort, i nøyaktig rekkefølge og utført etter klare prosedyrar. Dei var laga av blekk, bretta og falda ut igjen, slik at underlege mønster oppstod. Ein obskur test som opp gjennom åra har blitt elska og hata. Men har den noko med teater å gjere? Og kva med Highway Hypnosis-syndromet, først skildra i 1921, kor den køyrande – med auga fiksert på eitt punkt – kjem inn i ein transeliknande tilstand av vaken søvn ?

Svara ligg kanskje der, mellom menneska, mellom romma.

Audio-visuelt konsept, tekst og regi: Tore Vagn Lid, Lys- og videoinstallasjoner:Birk Nygaard, Scenograf: Mari Lothrington, Film/Videoarbeider: Kyrre Bjørkaas, Thore Lindhard Garberg m.fl, Kostymer: Matilda Søderling, Lydteknikk: Mathias Grønsdal, (Jan Nedbal), Medvirkende: Torleif Julius Torgersen, Tor Christian F. Bleikli, Kjersti Aas Stenby, Matilda Søderling, Tore Vagn Lid m.fl

Støtta av: Norsk Kulturråd, Bergen Kommune, Hordaland Fylkeskommune, Prosjektprogram for kunstnerisk utviklingsarbeid(PUK).

Spilles på Ljosheim:

14. SEPTEMBER 19:30

15. SEPTEMBER 16:30

16. SEPTEMBER 16:00

17. SEPTEMBER 11:00

 

13. september 2017
Skrevet av Ida Blixt Teige

Kategorier: DUB, Highway Hypnosis, Nyheter / News