fra innledning til Scenisk Seminar, Dramatikkens Hus 7.2.2015

Lørdag 7 februar ble det – i regi av prosjektprogrammet – gjennomført et omfattende scenisk seminar på Dramatikkens Hus ( Oslo). Samarbeidspartnere var Dramatikkens Hus og Tt-B. Seminaret ble ledet av Tore Vagn Lid, og ble dokumentert i sin helhet. Her fra Vagn Lids refleksive åpningsetyde/monolog:

image

 

Samtaler om det politiske – 13 år etter

 

TVLTA_wdt

Ser du fremdeles scenekunsten preget av «narsissisme, jåleri og redsel for innhold i kunsten?». Tor Arne Ursin får spørsmålet av Tore Vagn Lid i føljetongen om politisk teater.

Se føljegongen på scenekunst.no her

Skuespillerfaget – Hva er en «god skuespiller» (nå)?

«Det som ble klart etter Stanislavskjj, er at skuespillerkunsten er – og må behandles som – fag eller håndverk. Men hvilket håndverk? Hva rommer dette håndverket? Det var ikke bare et relevant og brennbart spørsmål på 1030tallet. Det er det i enda større grad i dag.»

Les Tore Vagn Lid sitt nye essay:

Om skuespillerkunst

Bevegelser i teatertekstens kampsoner

image

Bevegelser i teatertekstens kampsoner – Ny refleksiv etyde publisert i jubileumsantologien «Svolt»

Ny refleksiv etyde publisert i den nye jubileumsboka til Skrivekunstakademiet i Hordaland, Air Jordan 1 adidas messi astro “Svolt”. Air Jordan Retro 13 Canotte Toronto Raptors Etyden er et forsøk på å forfølge teatertekstens posisjon, Nike Foamposite One
Maglie Houston Rockets struktur og mulighetsrom innenfor ulike sentrale dramaturgiske stasjoner,

ny refleksiv etyde på trykk

I nr 1-2015 av Norsk Shakespeare & Teatertidsskrift publiserer Tore Vagn Lid en ny refleksiv etyde under tittelen: «Om forholde seg postdramatisk til det dramatiske».

Med utgangspunkt i det pågående arbeidet med det sceniske albumet DUB Leviathan! ( premiere under Festspillene i Bergen 28.5.15) er etyden et proaktivt forsøk på å gripe dialektikken mellom det dramatiske og det postdramatiske.

 

 

Postdramatisk fellesskap?

Les Ragnhild Freng Dales kommentar om New Performances – New Tools symposiet under Festspillene i Bergen:

http://www.scenekunst.no/pub/scenekunst/main/?aid=7314

Refleksiv etyde #3: Hva var- og hva er naturalisme?

Som tredje ut i serien av det jeg har kalt refleksive etyder, har jeg skrevet om naturalisme spesielt og om forholdet mellom dramaturgi og ideologi generelt.

les den her

image

ny artikkel om eit utvida dramaturgi-omgrep: «Verkande handlingar»

Frå artikkelen : Verkande handlingar: (re)definering av det (kunst)politiske.

Trykt i antologien «Scenekunsten og de unge» (Vidarforlaget, desember 2014)

For  ein refleksiv estetikk (Discours de la method)

Erfaringa frå det skapande og praktiske kunstarbeidet peikar for meg i ei bestemt retning: nemleg at handlingar som tilsynelatande ikkje verkar – eller er meint å skulle verka, (likevel- eller nettopp difor) verkar bestemmande attende på det kunstnariske aksjonsrommet. Med andre ord, at det som ”fell utanfor” eller definerast som utanfor kunsten generelt (og teateret spesielt) faktisk verkar innanfor slik at det som ofte vert sett som irrelevant for kunsten og kunstnaren– i høgste grad er relevant. Med mitt omgrep om ein refleksiv estetikk, meiner eg difor ein type teoretisk praksis som – i dialog med konkret kunstpraksis (men og i kritisk opposisjon til denne) freistar å lokalisera- og å artikulera dei handlingane som set grenser for det estetiske, men som sjølv ikkje er tilstrekkeleg del av kunstens- og kunstnaren sin eigen sjølvforståing.

For ein refleksiv dramaturgi/ Eller: Så lenge ein teaterdiskurs diskuterer estetikk der det strengt tatt handlar (meir) om sosiologi, sit vi i klisteret.

image

Spørsmålet om verkande handlingar inngår då konkret i ein slik praksis, i det omgrepet dramaturgi her vert utvida frå å beskriva ein teknisk-formal side ved teatret, til og å undersøkja dei handlingane som verkar bestemmande inn- så å seia frå teaterets utside. Slik ser eg det meiningsfullt å tala om min metode som ein refleksiv dramaturgi, der spaningstilhøvet mellom refleks og refleksjon – mellom noko som er umedvite og medvite – parast med ”disiplinen” dramaturgi, forstått i si opphavlege greske tyding av ”handling som verkar”. Med den refleksive dramaturgien som ein del av ein meir omfattande refleksiv estetikk, utfordrar ein slik teoretisk praksis den tradisjonen for vitskapleg avgrensing og spesialisering som følgjer tanken om faste epistemologiske kategoriar, og ”gyldigheitsområder” inn mot eit moderne (og postmoderne) kunstfelt. Eg tenkjer meg den refleksive estetikken – og meir konkret den refleksive dramaturgien – som eit fristilt og overgripande prosjekt, som nettopp kan overskrida ein slik modernistisk tenkjemodell, utan å underkjenna spesialisering eller ty til vage omgrep som ”crossover”, ”spillover” eller ”fusjonering”. Dersom det fins verkande handlangar som ligg utanfor dei etablerte og institusjonaliserte ”faggrensene” så vel til kunstartane som til dei spesialiserte kunstvitskapane, og desse handlingane kan hevdast å slå inn (verkja) på desse profesjonane, så legitimerer dette ein refleksiv praksis som nettopp ikkje ”stoppar” ved grensene til eiga ”fag” , ”disiplin”, ”art” eller ”profesjon”. Her – akkurat her – ser eg potensialet til estetikken som naudsynt del av eit kunstnarisk arbeid, så å seia post det post-moderne.