Dialektikken mellom det dramatiske og det postdramatiske: 2

Hentet fra scenekunst.no: http://www.scenekunst.no/pub/scenekunst/main/?aid=5920

Av Tore Vagn Lid

Videostill fra David Lynch: Mulholland Drive.

For å bryta med Hollywood sin strategiske egoproduksjon, treng David Lynch nettopp kunnskapen og den teknisk-estetiske kompetansen Hollywood har utvikla, skriv Tore Vagn Lid i andre del av sin refleksive etyde, om filmen Mulholland Drive.

2: Dialektikken mellom det dramatiske og det postdramatiske – refleksiv etyde (i form av ein føljetong)

del II: å lausriva teknikkar frå ideologi

 

Fekk du opna den vesle teksten her?

http://etudes.khio.no/?p=36

 

– Ja.

Fint! Om eg – som lesar – freistar følgja dei første impulsane mine, er det her dei korte setningane og den fortetta, intime dialogen eg fester meg med. Dialogen er enkel, ja, på grensa til banal, som om den er meir eller mindre direkte avtrykk av ein enkel levd situasjon, ikkje av ein kunstnarisk konstruksjon eller plan. Det kortfatta og antydande inviterer likevel til dramatisk fortetting. Tonen er einskapleg, det same er situasjonen. Her er ingen ytre kommenterande instans, ingen forteljar, ikkje noko underleggjerande brot som forstyrrar det dramatiske.

 

-Sikkert ikke, men jeg opplever den likevel som temmelig platt!

Ja, og det er jo – ja, for å parafrasera naturalistane frå 1880-åra – ofte sjølve livet og! Ein ting er i alle fall sikkert: Les ein dette som teatertekst, er det så langt frå det postdramatiske – til dømes frå ein stilisert Heiner Müller, ein monumental Elfriede Jelinek eller ein monologisk René Pollesch – ein overhovudet kan koma. Den er openbart ikkje hundre år gamal, men like fullt er det som om den innfrir den mest radikale naturalismen sine krav til ein lukka dramatisk situasjon med «verkelege» menneske,lukkast «verkeleg» språk, i «verkelege» situasjonar. Forresten. Kva trur du du, ja med din bakgrunn, om denne? Er den – som dei seier – «spelbar»?

 

-Som teater, mener du?

Ja, for eksempel.

 

– Absolutt. Hvor er den fra?

David Lynch, filmregissøren: Mulholland Drive, frå 2001. Poenget mitt er korleis Lynch evner å gjera seg nytte av, kall det gjerne dramatiske, naturalistiske grep og arbeidsmåtar i det som jo åpenbart ikkje er noko naturalistisk filmdrama. Lynchs eksperimentelle ambisjon, hans postdramatiske ansats – både til historieforteljing og bildedramaturgi – avviser ikkje innsiktene i det den kritiserer, men gjer seg nytte av dei – og det temmeleg virtuost, spør du meg.

 

I Mullholland Drive går kritikken av «det quasi-naturlege» gjennom naturalismen!

– Den må du nesten utdype litt!

Lynch sin kritiske ambisjon fordrar her ein nærast perfekt bruk – og handsaming – av det han som forfattar og regissør vender seg kritisk mot: For å bryta med Hollywood sin strategiske ego-produksjon, for altså å trenga bak og synleggjera det manipulerande, både som kunststrategi og som levesett, treng han nettopp kunnskapen og den teknisk-estetiske kompetansen som ligg i dette, kall det gjerne kunst-regimet. Det doble ønsket om å trengja bak ved å gjera bruk av, ligg altså til grunn for valet av kunstnariske parameter, frå (type)casting til narrasjon. Men han gjer ikkje dette ved å laga eit meir eller mindre naturalistisk drama i Hollywood-stil. Han adapterer altså ikkje «heile pakka» av produsentskapte konsumentkrav, altså det «logiske» systemet av kompatible teikn og opptrakka kunstgrep som utgjer filmindustriens ”sunne fornuft”. Nei, det Lynch her gjer, er å kalkulerer nøye dei ulike dramaturgiske parametrane opp mot kvarandre, og setja dei kritisk inn i forhold til kvarandre.

– Men kunne han ikke her like så godt avvist hele «Hollywood-pakken»? Jeg mener, prinsipielt, litt slik jeg forestiller meg at Adorno – du vet Frankfurter-filosofen og «blod-modernisten» fremfor noen, ville ha argumentert? Noe i retning av: En radikal avvisning, ja avfeiing, er eneste vei ut for å unngå å bli «forgiftet» av det du vil «kritisere»?

Du, Adorno kjenner eg berre sporadisk, så der må eg nok melda pass. Men det verkar uansett som om det eg argumenterer for, er ein helt annan strategi. Å berre, som du seier, på prinsipielt grunnlag avvisa noko som «forgifta», tilbakelagt eller irrelevant, er nettopp det motsette av den dialektikken eg snakkar om! Her, ta ein rask kikk på skodespelararbeidet. Denne linken bør vera operativ: http://m.tu.tv/videos/mulholland-dr-7-10-movie-clip-betty

For meg i alle fall, er det springande punktet det plutselige brotet, kall det gjerne det refleksive eller underleggjerande, som inntreff i det kamera her flyttar seg ut slik at scena vert avdekkja nettopp som ei auditionscene framfor kamera. Denne verknaden er heilt og fullt bestemt av kvaliteten i den dramatisk-naturalistiske spelescena som går føre. Det er altså ikkje her det gjennomgåande refleksive eller distanserte, og heller ikkje det gjennomgåande dramatisk-naturalistiske som i og for seg gjer denne særeigne spaninga mogleg, men nettopp den minutiøse montasjen mellom to «grep», to dramaturgiske modular innanfor eit og same konsept. Og like viktig; for å kunne skapa denne spaninga må så vel det refleksive nivået som det dramatisk-situasjonelle fungera på sine eigne teknisk-kunstnariske premiss! Dialektikken mellom det refleksive og det dramatiske finn altså sin føresetnad i ein dialektikk i teknikk og handverk. Følgjer du meg?

-Jeg tror i hvert fall det! Og i så fall nytter det ikke bare å posisjonere seg mot, eller avfeie denne typen kunnskaper og ferdigheter som tilbakelagte eller meir eller mindre fossile «dramatiske stadium».

Akkurat! Lynch avviser nettopp ikkje det potente og essensielle ved ein filmestetikk og ein inngang til skodespelararbeidet som heilt sidan Marlon Brando og James Dean har trekt til seg dei største talenta, som igjen trekk til seg ei heil verd av tilskodarar – oss inkludert! Nei, han veit å gjera seg nytte av dette. Men når han gjer det, gjer han det altså refleksivt: Han løyser med andre ord teknikken nennsamt ut frå sine tvilsame ideologisk-estetiske føresetnader, og vender desse teknikkane og innsiktene kritisk mot denne ideologien sjølv. Han godtok m.a.o. ikkje «method-guruen» Lee Strasbergs menneske- og kunstsyn, men gjer seg openbart nytte av strategiar, øvingar og arbeidsformer som han som regissør reint praktisk ser kan føra fram – det vera seg Stella Adlers «complete absorption», Sanford Meisners «ekko-etydar» eller Lee Strasbergs privatisering av skodespelarens arbeid med seg sjølv og si eiga fortid. Ja, sjekk t.d. her:

http://actingtruthfully.jimdo.com/adler-technique/

http://www.completeactorstraining.com/about.html,

eller her http://www.methodactingstrasberg.com/

… eller forresten, ikkje gjer det akkurat no! Sjå heller først slutten av audition-scena ovanfor ein gong til!

http://m.tu.tv/videos/mulholland-dr-7-10-movie-clip-betty

 

For å få til dette, føreset altså Lynch – samtidig som han utnyttar – det spesifikt virtuose ved amerikanske metode-teknikkar for igjen (dramaturgisk) å vinna ut over Hollywood-industriens fetisjering av autentisitet!

– Som skal bety?

 

Ei manipulerande og tvers gjennom strategisk «sfære», der dramaet bak scena eller settet oftast er langt meir interessant (og verkeleg) enn dramaet som utspelar seg på.

-Er det din analyse av dette?

 

Ja.

– Vet du om han er enig i interpretasjonen?

 

Han?

– David Lynch!

 

Sikkert ikkje. Det spelar heller inga rolle.