Dialektikken mellom det dramatiske og det postdramatiske: 1

Hentet fra scenekunst.no:http://www.scenekunst.no/pub/scenekunst/main/?aid=5879

Av Tore Vagn Lid

Royal_Coburg_Theatre_1822x_mid

Omgrepet om det postdramatiske er (i alle fall i byrjinga) meint beskrivande; altså ikkje først og fremst at noko bør skje i teatret, men at faktisk noko har skjedd, og at dette noko ikkje lenger vert femna om gjennom omgrepet «dramatisk», skriv Tore Vagn Lid.

Dialektikken mellom det dramatiske og det postdramatiske – refleksiv etyde (i form av ein føljetong)

• del I: det post-dramatiske – omgrep i drift

Eit omgrep er noko som både er skapt og som verkar skapande. Det er både produsert og vert produserande. Det er på same tid eit grep om noko, og noko som grip om seg. Omgrepet vert skapt og sjøsett i språket. I eit hav av andre ord startar det ein (om)skapingsprosess, støyter mot andre omgrep, heng seg fast, legg seg inntil og byggjer bru til nye samanstillingar, avdekker uana samanhengar og føder nye ord, nye tydingar, nye måtar å sjå, høyra og føla på. Slik, på produktiv drift gjennom språket, kjem det uomtvisteleg til å enda langt bortanfor den kursen det vart tiltenkt då det første gong vart sjøsett.

Slik er det òg med ordet «post-dramatisk». Frå det vart introdusert for offentlegheita av Hans Thies-Lehmann for femten år sidan, har det vandra langt, og bidrege til mykje – både begeistring, forvirring og (ikkje minst) frustrasjon. Men at eit omgrep som det postdramatiske stakar ut i polemisk konflikt, ligg i slike omgrep sin natur: Ved å rykka seg laus frå – og avgrensa seg mot – det dramatiske, posisjonerer det seg òg mot noko som altså skal vera tilbakelagt, over og forbigått. Samstundes bidreg sjølve ordet om noko post-dramatisk til omvendt å identifisera noko nettopp som dramatisk. Slik, med eit rykk, skapast det av «motparten» ei samtenking av det som av mange til no har vorte oppfatta som motsetnadsfylt, sprikande og vesensforskjellig. Gjennom å identifisera noko post-dramatisk, manar ein m.a.o. fram eit nytt blikk på det andre, det som altså ikkje er postdramatisk. Gamle skiljelinjer vert viska ut, tilsynelatande fiendar slått i hartkorn med og gjort til representantar for eitt og det same; det forelda dramatiske.

I den første fasen etter sjøsettinga provoserer omgrepet om det postdramatiske difor fram ei produktiv uro, konflikt og kontrovers, langt inn i teateraktørane si mest grunnleggjande sjølvforståing. Og sjølv om dette for mange er problematisk, er det – trur eg – naudsynt. For det er ikkje til å koma utanom at Lehmanns omgrep om det postdramatiske ikkje kunne vunne om seg så raskt, hadde det ikkje råka samtida så treffsikkert. Som så mange vellukka omgrep evnar det å røra ved noko, bringa til uttrykk, eller språksetja noko som alt er i rørsle som eit sosial-estetisk straumdrag i kunsten og i samfunnet kring. Femten år etter er det langt enklare å sjå Lehmanns grunnleggjande poeng: Nemleg at noko fundamentalt faktisk hadde skjedd i internasjonal scenekunst utover 1980- og 90-talet; noko som ikkje lenger let seg identifisera etter 200 år gamle omgrep om teater som dramatikk, og heller ikkje let seg innordna i dramatiske reglar og faste normer for god og dårleg teaterkunst. Slik eg les Lehmann, er omgrepet om det postdramatiske (i alle fall i byrjinga) meint beskrivande; altså ikkje først og fremst at noko bør skje i teatret, men at faktisk noko har skjedd, og at dette noko ikkje lenger vert femna om gjennom omgrepet «dramatisk».

hamletmachine

Fra Heiner Müller: Die Hamletmaschine, Deutsches Theater, Berlin 2007, regi Dimiter Gottscheff.

For i 1999 hadde Bob Wilson for lengst snudd teaterhierarkia på hovudet og vist – for fleire enn dei som var innvigde i den tradisjonsrike avantgarden – at lys, rørsle og scenografi med hell kunne spela hovudroller på tyske, franske og amerikanske hovudscener. Forfattaren Heiner Müller hadde rukke å demonstrera at teatertekst ikkje trong vera identisk med dramatikk, og på Wiens største scener hadde den vellukka alliansen mellom regissøren Einar Schleef og den organist-utdanna provokatøren Elfriede Jelinek gjort tekstblokker og massekor vidt kjende. Skal ein no –15 år etter – skaffa seg eit adekvat grep om det postdramatiske, må ein ta opp i seg dialektikken mellom det dramatiske og det postdramatiske. M.a.o. trur eg at det produktive ved omgrepet ikkje lenger først og fremst ligg i lausrivinga frå, og polemikken mot det dramatiske regimet eller regelsettet, men i det å kunne innhenta dette dramatiske som material, eller byggjeklossar for det postdramatiske teateret sjølv!

 

– Jeg er redd jeg har mistet deg litt. Beklager, men nå er jeg ute.

Så kvifor sa du ikkje det før?

– Jeg ville ikke stoppe deg. Du var liksom endelig kommet i flytsonen.

Kvar – nøyaktig – fall du av?

– I inngangen til dette siste; overgangen med det dialektiske. Akkurat den virker litt vag, ja rett og slett litt uklar.

Kanskje den er det òg! Men om du gjev meg i alle fall nokre skarve minutt til å få rydda opp? (pause) Takk. Eg trur altså at eit post-dramatisk teaterarbeid, heller enn først og fremst å posisjonera seg mot det dramatiske, no er komen til eit punkt der ein langt meir konsekvent kan gjera nytte av innsikter, teknikkar og arbeidsformer som er framskaffa i – og frå – dette dramatiske ”regimet”. Forstå meg rett; posisjoneringa er framleis heilt naudsynt når det gjeld å fri seg frå, og samstundes holda stand mot, konserverande krefter som over hundreår har kunna smi teater, teaterinstitusjonar og utdanningar i sitt bilete. Å yta aktivt motstand mot eit godt olja teaterapparat med automatiserte kategoriar og refleksar for kva ein teatertekst er, kva ein god skodespelar er, kor lenge ein leseprøve skal vara, når lyset eller musikken skal inn osb., er framleis minst like viktig. Men sjølv om faren for ein dramatisk reaksjon, altså eit tilbakefall i retning fortida, er fullt ut tenkbart og jamvel har sterke protagonistar, trur eg likefullt at det postdramatiske, i alle sine fasettar og med alle sine manifestasjonar (frå Volksbühne i Berlin til Wooster Group i New York – for å ta dei eldste klisjeane), har feste nok til å ta seg vidare.

– En kan godt velge bort Twitter, men en kan ikke fornekte at det fortsatt eksisterer. Er det noe sånt du mener?

Gjerne det. Eller som italienaren Machiavelli hevda: Det etablerte står langt tryggare enn det heilt nye! 1990-talet kjem ikkje attende, det gjer heller ikkje seremoni-estetikken frå opninga av Lillehammer-OL eller for den saks skuld ei blind tru på «ein rett metode», t.d. frå eit opplyst russisk-ortodokst tsarvelde i teateret. Det postdramatiske – både som omgrep og kunstnarisk uttrykk – er så pass godt fundert (ja, kall det gjerne konsolidert) at det ikkje lenger let seg fornekta. Heller ikkje her hos oss! Og det er her det no ligg eit slags momentum for å kunne ta steget vidare.

– Så derfor altså dette med en «dialektikk mellom det dramatiske og det postdramatiske.»

Akkurat!

-Sorry, men for meg blir det fortsatt i overkant abstrakt.

Eg ser den! Men det «abstrakte» er jo berre ein måte å nærma seg på; ein måte å prøva å freista nå fram til noko konkret på. Abstraksjonen er jo òg ein praksis. Eg.. nei, ta heller ein kikk på dette:

Og klikk gjerne på resten òg! Det ligg utehersom eit PDF-dokument: www.etudes.khio.no/?p=36
Kva les du dette som? Eg meiner, ikkje berre når det gjeld innhaldet, men og sjølve oppsettet, ja – og språktonen?

Tek du ein kikk?